Gdansk – Polen

Reiseforteljing frå korturen til Gdansk 4.-8.juni  2015

Eg var av dei som var skeptiske til å bruke så pass mykje pengar på ein. tur, når det var så mange i koret som ikkje kunne vere med (berre ca. halvparten av korets nominelle medlemsmasse).  Men i ettertid er eg svært glad for at eg blei med. Førebuingsmaskineriet gikk sin gang, med Turid Pettersen og Liv Hauger i sentrum, velsmurt som vanleg, og det seier ikkje lite.

Når ein tek i betraktning kor kort flyturen til Gdansk er, berre 1,5 timar, er det ikkje rart at staden er i ferd med å krabbe fort oppover i den norske week-end-reisemållista. Ein kan stå opp i behageleg tid (særleg når ein, som vi som bur på vestsida av dalen, nyt godt av at Ingeborg Seeberg som vanleg hadde mobilisert eit sett med maxi-taxiar som frakta oss direkte frå stovedøra til Gardermoen ) og framleis ha mykje av ankomstdagen til rådvelde i Hansa-byen.

Sjølv har eg vel vore mest knytta til bynamnet gjennom støtta til Lech Walesa og Solidaritet-aktiviteten rundt 1980. Byens storheitstid som Hansaby har eg hatt mindre kunnskapar om. Og heller ikkje byens krigshistorie.

2.verdenskrig starta i denne byen, då Tyskland gjekk til angrep 1.september 1939. Og ikkje nok med det. I krigens aller siste dagar blei store deler sundbomba av sovjetiske fly, fordi tyskarane ikkje ville etterkomme ultimatumet om å trekkje seg ut. Gamlebyen er difor ein «kulisseby» der gatesida av husa er bygd oppatt etter gamle teikningar, og ser historisk korrekte og staselege ut, medan resvten, bygardane bak fasadane er meir typisk aust-europeisk etterkrigs-arkitektur. Gdansk-innbyggarane må vel såleis seiast å vere dei europearane som hadde den lengste krigsperioden i 2.verdskrigen.

Walesa-preget er mindre å sjå til, sjølv om verftsbygningane på Lenin-verftet står der. No mest som eit minnesmerke der solidarność-flagget framleis vaiar. Skipsbygginga er kraftig redusert, visst nok, i følgje guiden vår, etter krav frå EU, som eit vilkår for medlemsskap. Men framleis blir det bygd mindre båtar der.

Escape Travels er ikkje den billegaste turoperatøren, men vi kan vel ikkje seie anna enn at opplegget deira er heilprofesjonelt, og vel så det. Vi hadde ikkje mindre enn tre guidar. (I tillegg til dei to-tre andre vi hadde på Malbork-slottet).  Med oss frå Gardermoen hadde vi den vakre, kvikke og omsorgsfulle Marit Brekke frå Bergen, som var med oss heile tida, både frå morgon til kveld på hotellet og på turane – og, ikkje minst,  som entusiastisk tilhøyrar på konsertane våre. Eg prøvde forgjeves å få henne til å flytte til våre trakter og starte ei korkarriere her. Men sjølv om ho uttrykte sympati for tanken, og ikkje betrakta seg som heilt inkompetent på song-området, så takka ho nei..

På flyplassen i Gdansk blei vi mottekne av to nye guidar, som, i kvar sin buss, fortalde om landsskapet vi reiste gjennom på veg til hotellet.20150604_173210

Etter lunsj var det klart for ny omvisning. Vi blei delt opp i to grupper, og fekk ei innføring, ma om det eg har nemnt ovanfor, på vandring gjennom gamlebyen. Turen blei avslutta med omvisning i den kyrkja vi skulle syngje i to dagar seinare, med tjustart-avsynging av eit par songar på fortauet utanfor.

Som vanleg, på bygdekorturane no for tida, er ikkje det seine natt-livet så framtredande som det var i gamle dagar, så etter middag gjekk vi til køys i kristeleg tid.

Neste dag, fredag 5.juni, starta med øving på vel tilrettelagde lokale på hotellet. Etter nokre få timar på eiga hand, gjekk turen til Sopot, strandbyen i nord, med Østersjøens flottaste sandstrand.  På turen gav den norsktalande polske guiden vår levande informasjon om det polske dagleglivet. Ho åtvara oss ma mot å innføre søndagsopne butikkar, som ho meinte hadde øydelagt mykje av den tradisjonelle polske familie-besøks-strukturen. Stranda fekk vi diverre berre små glimt av. 20150605_172434Det var litt tidleg for badesesong, så vi nøydde oss med å betrakte born som leika med tamme svaner i vasskanten. Etter ei synfaring i Gwiazda Morza-kyrkja, der vi skulle ha hovudkonserten vår om kvelden,  blei vi sleppt på eiga hand, åt lunsj og vandra rundt for oss sjølve til det var på tide å samlast til konsert. 20150605_174042I og med at den blei arrangert i forlengelsen av ei messe, så var det mykje folk. 20150605_135436Turkomiteen og Escape hadde i fellesskap vore flinke å kunngjere, gjennom fortaus-plakat-bukkar og oppslag, og flygeblad, som vi delte ut. Våre prestasjonar var vel på jamt bra nivå, og Anna var i alle fall nøgd med oss.

Punktum for kvelden middagen på vakre Restaurant Gruba Ryba, beliggende ved sjøen mellom Sopot og Gdansk. Det som trekte ned der, som andre serveringsstader, var service-nivået, med langdryg venting på mat, for svoltne og trøytte songarar.

Sopot er ein by som absolutt freistar til gjensyn, kanskje først og fremst som ein stad å ta med barnebarn på stranda.

Dag 3, laurdag, starta som dagen før,  med frukost og øving, før vi blei sleppte ut på shopping og eiga sighseeing. Det betydde nokre timar triveleg kafe-liv for dei fleste av oss.20150605_110240img_1241

Medan vi vandrast rundt i byen vart vi oppmerksame på høg musikk og song. Då vi kom til det store torget var det fullt av menneskjer, alle song …. og eit orkester spela. Det var hundretals av glade menneskjer som  leigde kvarandre i ein kjempepolonese. Vi kastet oss inn i dansen! Det må ha vore den største polonesen i verda!

Så nærma alvoret seg, og vi møtte det koret vi skulle syngje saman med i Cathrina-kyrkja;  Chór Mieszczan Gdanskich. Det skulle vise seg å ikkje vere smågutar og -jenter, men noko av det ypperste byen kunne by på, verka det som. Vi hadde oppvarming i eit forsamlingslokale tvers over gata for kyrkja.
Mieszczan-koret hadde tydelegvis ein stor og god fan-skare, og Escapes markedsføring var igjen upåklageleg. Kyrkja var på det næraste full, i alle fall når vi fylte opp på dei bakerste benkene. At dei overgjekk oss kvalitetsmessig er det vel ikkje tvil om. Men då vi slapp fram, vil eg tru vi tok vårt att på sjarmen og etter beste, litt haltande evne framførde «Polonez Polska» , ukrainske «Bless my soul» og, som alltid, hausta ovasjonar med «vår eigen» «Bogoro ditse Djevo».

På restaurant  Swojski Smak var vi avslappa etter fullført konsert-program, og gav til beste fleire svisker, mest for oss sjølve, men og for nokre få andre gjestar. Det gjorde vi forresten på alle restaurantane. Anna er ikkje tung å be, når  det gjeld spontan-opptredenar.

Dag 4 var via busstur til Malbork Castle og omvisning der. Også denne gongen med interessant guiding, både på bussen, og på den storslagne borga, som inkorporerer det typisk Aust-europeiske/polske; samanvevinga av føydalsamfunn, militarisme og ortodoks religion. Munkar, soldatar og leiglendingar om kvarandre, herska over av abbedar, offiserar og adel. Det slår meg at eit land som Polen, som har opplevd så mykje vondt, og vore så undertrykt gjennom krig og oppdeling opp gjennom tida, framleis skal ha så mykje stoltheit knytta til desse tidene. Ein skulle tru at var det ein stad militarisme og nasjonalisme burde ha spela  fallitt, så var det der. Men det ser slett ikkje slik ut, nei.

Men Malbork-borga var ei mektig oppleving, med opplysande guiding som både la vekt på dei storslagne salane og kyrkjeromma, men og det kvardagslege;  livet på kjøkenet, og til og med toaletta! Nokre songar blei det og tid til, både ute på plassen, og inne i den staselegaste salen.

bilde-1-2Kvelden blei avslutta med middag, flott middag, og, denne kvelden blei det også tilløp til litt natteliv i den lune hotell-hagen, der vi kunne nyte både lunsj-måltid og drikkevarer.

Dermed var det slutt. Heimturen gjekk like på skinner som resten av turen. Ein rask runde blant «førstereisande» koristar gav eit einstemmig svar: «Heilt topp».

bilde-2-7Anna hadde med seg både mann og barn, men svikta oss så visst ikkje av den grunn. Ho stilte opp saman med oss på alt, like entusiastisk, glad og konsentrert. Joe er nok ein bra mann, han.

Men det står nok ikkje til å nekte at det er Anna – og Emily – som stel oppmerksomheita, der dei kjem. Då var det ikkje så farleg om både Lenin og Lech glimra med sitt fråvere.

Narve

 

 

 

Publisert 14. august 2015

« Tilbake